
85.2K
Downloads
275
Episodes
Sandmyr er en uavhengig podkast som tar opp tidsaktuelle temaer til debatt innenfor politikk, idrett, musikk, media, samfunn og næringsliv. Vi har studio på Bryne, men vi jobber bredt og vil ha både lokale, nasjonale og noen ganger internasjonale temaer og gjester. Tanken bak podkasten er å være en motstemme til den overfladiske og klikkorienterte journalistikken. Hos oss skal gjestene få snakke ut og fullføre tankerekkene. For tips eller annonsering : post@sandmyr.no
Episodes

Thursday Sep 17, 2020
Brynepoddene Ep21
Thursday Sep 17, 2020
Thursday Sep 17, 2020
Luc Jeggo har kome den lange vegen frå Australia til Noreg og til Bryne via Førde. Korleis kom han hit og kva tenker han om eigen situasjon? Even Sel fortel om kampen mot Odd 2 og ser fram mot Levanger. Levanger starta med to minuspoeng, men har no kontakt til topp sju plass, trenar Per Verner Rønning fortel om stoda i klubben og sesongen så langt.
Jærbuar gjer det godt i gult om dagen, og i Noreg er Marius Lode den som spelar på det beste laget i eliteserien. I eit langt intervju med Brynepoddene fortel han om overgangen til Bodø, mot og medgang, og ser fram til europacupkampen i kveld.

Thursday Sep 10, 2020
Brynepoddene EP20
Thursday Sep 10, 2020
Thursday Sep 10, 2020
Igor Spiridonov har vore ein av dei betre Bryne-spelarane heilt sidan han kom frå EIK, men av og til går det gale og då får dei andre høyre det på minst fire språk. Even Sel er på plass med analysen. Fotballinteressen er stigande på Jæren, men det er nokre som ikkje finn spelet på den grøne matta fascinerande. Kjell Arild Pollestad, eller Pater Pollestad, som han er kjend som flytta attende til Bryne for omtret ti år sidan. I podcasten snakkar han om oppveksten, korleis han hamna i kloster og korleis det var å vende heim til Jæren. Ja, og så er han onkel til styreleiar Geir... og i slekt med... Livet utan fotball kan definitivt òg vere interessant.

Saturday Sep 05, 2020
Brynepoddene EP19A
Saturday Sep 05, 2020
Saturday Sep 05, 2020
Steffen Landro er stadig å sjå på tribunen når Bryne speler heime. Me tok ein kjapp prat med Sandnes Ulf sin trenar i pausen under kampen mot Notodden, og legg det ut som ei kort bonussending.

Thursday Sep 03, 2020
Brynepoddene EP19
Thursday Sep 03, 2020
Thursday Sep 03, 2020
I mange år var Arne Larsen Økland den beste spelaren Bryne har hatt, jamvel om det no er eit ungt talent som pustar han i nakken. Talent hadde òg sonen Ståle Økland, som var varaordførar i Time, og som har slått seg opp i Krim frå vekelegheita sjangaren med "Norske tilstander" og "Operasjon Gamma", den siste boka hans er "Ren idrett, skittent spill - sammen med Linda Hofstad Helleland." I Brynepoddane forsøkte me å få til ein samtale om korleis det var å vekse opp som sonen til ei fotballstjerne og om det å meisla ut sin eigen veg.
Rogvid Baldvinson er ein av veterane i troppen og har opplevd mykje på fotballbanen, særskild med landslaget til Færøyene.
Even Sel er på plass med analyse av Vard-kampen og ser fram mot helga. Sist, og yngst, kjem Kåsens store son Magnus Erga som trenar Notodden og fortel litt om eigne mål og stoda i klubben der aust. Velkommen til rekordlang sending.

Thursday Aug 27, 2020
Brynepoddene EP18
Thursday Aug 27, 2020
Thursday Aug 27, 2020
Thierry Dabove har herja på vingen sidan han kom til Bryne, men vegen til Jæren har vore lang, og nokre gonger utfordrande. Jan Halvor Halvorsen gjer ei oppsummering av sesongen så langt. Alf Inge Jåtten har dømt over 5000 kampar, han er ein av desse trufaste som stiller opp med fløyta. Til slutt snakkar me med trenaren til Vard, Kolbjørn Fosen, som har ein finger med i spelet i fleire klubbar på Haugalandet.

Thursday Aug 20, 2020
Brynepoddene17A
Thursday Aug 20, 2020
Thursday Aug 20, 2020
Intervjuet med Bendik Kristoffersen frå Sotra datt ut av podcasten. For dei som vil høyre er det her.

Thursday Aug 20, 2020
Brynepoddene EP17
Thursday Aug 20, 2020
Thursday Aug 20, 2020
Me har snakka med den svenske næringslivsleiaren Peter Heurling, eit ukjend namn for dei fleste. Men kva har han med Bryne å gjere? Josh Robson fortel om livet i Sunderland og tida så langt i Bryne. Even Sel ser kampbilete saman med oss. I ei tid då Bryne låg nede starta Even Håland Drøsen om Bryne FK, det vart ein vegg på Facebook kor folk fekk ta ut frustrasjon og ha nokre få gleder i lag, han fortel om bakgrunnen. Til slutt snakkar assistenten i Sotra Bendik Kristoffersen om laget som leiar tabellen føre kampen på laurdag.

Saturday Aug 15, 2020
Byrnepoddenes direktesending frå Arendal
Saturday Aug 15, 2020
Saturday Aug 15, 2020
Høyr opp att sendinga vår frå Arendal.

SANDMYR
Er ein uavhengig podcast med studio på Bryne. Podcasten blir laga av Øystein Nygård, med fleire og har vore i drift sidan april 2020. Fra 2020 til 2024 har navnet på podcasten vært Brynepoddene.
Tanken bak podcasten er å vere ein motstemme til den overfladiske og klikkorienterte journalistikken. Hos oss skal gjestene få snakke ut og fullføre tankerekkene.
Vi tenker bredt og kombinerer det lokale med det nasjonale, og i noen tilfeller internasjonale.
Følg oss i sosiale media på Facebook; Instagram og Youtube,
Likar du det du hører? Gje oss ei hand på Vipps 610828, eller kontakt oss for reklamepakker på:
post@sandmyr.no
